Feiring av A.O.Vinje 202 år

2D

Saturday, April 4, 2020 12:00

finishes about 15:00

Vinje Kommune

Vinjehuset Festsalen

Omtale

Dobbelt konsert med Groven og A.O.Vinje



14.30–16.00: Groven-konsert
Musikk i Groven tradisjon, med musikk av brørne Olav og Eivind Groven og brorosonen Sigmund Groven. Framført av tre musikarar med telemarksrøter:
Sigmund Groven: munnspel
Leif Solberg: fele
Kåre Nordstoga: flygel

16.00–17.00: Servering av Vinje-graut.

17.00–18.30 Perleskum
Aasmund Olavsson Vinje, den tvisynte diktaren med den skarpe pennen fyller 202 år i 2020. Det må sjavsagt feirast! To folkemusikarar og to jazzmusikarar leikar seg med nye tonar til Vinje sine gamle ord, og har med seg eit spildrande nytt album. Tuba-virtuosen Daniel Herskedal ertar den kvikke nordmørs-stemma Unni Boksasp opp i nye høgder. På svarte og kvite loddar Dag-Filip Roaldsnes djupet, medan komponist og felespelar Jorun Marie Kvernberg ausar på og opp og fram med boge og streng.

Dei ettertrakta musikarane har kvar for seg og i ulike konstellasjonar mangfaldige plateutgjevingar, fleire Spellemannprisar og ei imponerande merittliste.

Jorun Marie Kvernberg: fele, hardingfele, song (og komposisjonar)
Unni Boksasp: folkesong, zitter
Daniel Herskedal: tuba
Dag-Filip Roaldsnes: piano
Aasmund Olavsson Vinje: skarp penn

Grovenkonsert: 250,-
Perleskum: 250,-
Begge konsertane med servering av mat: 500,-