Klima- og kulturkveld // Operatablået Stemmer frå Mímisbrunnr // Mari Midtli

Thursday, May 9, 2019 18:30

finishes about 21:30

Utgard fleirbrukshus

Idrettshall

Omtale

17:30 Dørene på Utgard i Lom opnar for publikum. Registrering for konferansedeltakarar. Billettsal for anna publikum. 18:30 STUTTREIST SMAK AV FJELL. Servering lokal fingermat og pøbb 19:30 Klima- og kulturkveld: Mari Midtli innleiar med folketonar og utdrag frå bestillingsverket Bergtatt Velkomen til Lomsløftet Appell til inspirasjon og innsats Operatablå: Stemmar frå Mímisbrunnr Operatablået Stemmar frå Mímisbrunnr er bygd opp kring 14 vers frå eddadiktet Voluspå og er eit utdrag frå operaverket Volva sin spådom. I Utgard opptrer to solistar i rollene som volva og Odin, akkompagnert av orkester over høgtalarane.

Operatablået Stemmer frå Mímisbrunnrer bygd opp kring 14 vers frå eddadiktet Voluspå og er eit utdrag frå operaverket Volva si spådom. I Utgard opptrer to solistar i rollene som volva og Odin, akkompagnert av orkester over høgtalarane.




Operatablået og kulturkvelden finn stad i kultursalen.?





17:30 BILLETTSAL i døra for etternølarar

18:30 STUTTREIST SMAK AV FJELL



Servering av lokal fingermat og pøbb 


19:30 FORESTILLING 



Mari Midtli innleiar med folketonar og utdrag frå bestillingsverket Bergtatt.



Velkomsthelsing



Appell



Operatablå: Stemmer frå Mímisbrunnr



"Vet dere nok, eller hva?»



Operatablået Stemmer frå Mímisbrunnrer tufta på Eddadiktet Voluspå – det mektigaste diktverket frå nordisk middelalder. Voluspå (Volva si spådom) rommar ein storslagen visjon av heile den kosmiske historia, frå urtida, skapinga, historieforløpet og verda sin fryktelege undergang i Ragnarok. Diktet endar med volva si visjon om ein ny og annleis verdsorden som skal kome etter undergangen. 



Volva er ei profetisk kvinneskikkelse, den mest vise og kloke av alle dei mytiske skapningane i det norrøne panteon. I Stemmer frå Mímisbrunnr har Odin mana volva fram frå dødsriket for å gje kunnskap til gudar og menneske.



Eddadiktet Voluspå er vitnesbyrd om ein urgamal omsorg for kloda og menneska sitt livsgrunnlag. Den universielle bodskapen i Voluspå er at menneska må skaffe seg kunnskap og utvise visdom i sin forvaltning av skaparverket.



Operatablået Stemmer frå Mímisbrunnrutfordrar publikum til å opne eigne sinn og sansar for å svare på volva sitt eksistensielle spørsmål: "Vet dere nok, eller h


21:00