Grease

2D

Friday, February 14, 2020 18:00

finishes about 19:30

Trivselshagen

Kultursalen

Omtale

Årets musikal på Firda er «Grease» frå 1972, skrive av Jim Jacobs og Warren Casey. Det er 3.klasse ved Musikk, dans, drama som set opp denne musikalkomedien. Mange kjenner sikkert til filmen «Grease» som kom i 1978, der John Travolta og Olivia Newton-John hadde hovudrollene som Danny og Sandy. 


Handlinga i musikalen går føre seg på Rydells High school på 1950-talet, og handlar om Danny og Sandy som har forelska seg i kvarandre i løpet av sommarferien. Etter ferien møtest dei att på same skule, men «alt» er forandra. Danny er redd for å miste statusen han har i vennegjengen, tøffar seg og skyv Sandy unna. Sandy på si side blir utsette frå kraftig press frå deler av «Pink ladys» som tykkjer ho godt kan løyse litt opp og bli mindre prippen. Handlinga i komedien kretsar rundt tematikk som identitet, gruppepress og mot til å ta eigne val. Og sjølvsagt vert det mykje musikk med kjende låtar som «Summer nights», «Grease lighting» og «We og together».