Boxism

Monday, October 21, 2019 19:00

finishes about 20:00

Trivselshagen

Kultursalen

Omtale

Ei eksplosiv danseforestilling om å bryte menneskeskapte grenser.

Kvifor forheld vi oss så ofte til kvarandre på bakgrunn av
merkelappar, grupperingar og båsar? I Boxism samlast nokre av Norges
fremste dansarar innan hip hop, samtidsdans, jazzdans og breaking.
Hvilken sjanger eller «boks» kan denne forestillinga då plasserast i? 


Boxism tek for seg temaet utvisking av menneskeskapte grenselinjer og
båsar. Tittelen er basert på det engelske uttrykket "to be put in a
box", eller på norsk, "å bli satt i bås", og viser til at det å sette
kvarandre i bås er eit samfunnsfenomen på lik linje med andre -ismer;
racism, feminism, nationalism, sexismosv. 


Boxism er full av energi og eksplosivitet. Seks dansara med bakgrunn i
ulike dansesjangrar møtes. Handlinga vert driven fram av ein
tekstformidlar. Målet er å utforske grenselandet og
krysningspunkta mellom dei ulike stiluttrykka. Gjennom samarbeid og
fordjuping i felles problemstillingar får ulike uttrykksformer fungere i
samspel. Visjonen er ei forestilling som bryt med gitte konvensjoner om
form og innhold i ei danseforestilling; ei forestilling som ikkje kan
plasserast i nokon spesifikk sjanger (”boks”). 


Begrep som fordommar og stigmatisering blir problematisert og
sett på dagsorden. – Kva er det i oss som gjer det så lett å møte noko
annleis med skepsis? – Is it time to break the box?
 


Medverkande 


Idé, konsept og kunstnerisk ledelse/koreografi: Catherine Michelet

Kunstnerisk medansvarlig og medvirkende: Navid Rezvani

Dansere: Marco Wihlborg, Eivind Linn, Christiane Bergersen, William Boo, Sara Einbu og Catherine Michelet

Originalcast: Henriette Hamli, Jon Filip Fahlstrøm, Daniel Sarr, Marikken Heitkøtter Bratlie, Eivind Linn og Catherine Michelet

Scenografi og lysdesign: Ola Bråten

Lyddesign: Bernt Karsten Sannerud

Tekst og dramaturgi: Oda Radoor

Kostymekonsulent: Signe Vasshus

Produsent: Catherine Michelet 


Støtta av: Kulturrådet, Fond for utøvende kunstnere, Fritt Ord og Fond for lyd og bilde.

Co-produsert av Bærum Kulturhus – Regionalt kompetansesenter for dans.