Camilla Hole Trio

Friday, December 6, 2019 21:00

finishes about 22:30

Trivselshagen

Dramasalen

Omtale

Folkemusikken tilhøyrer framtida. Og Camilla Hole Trio…

Folkemusikken høyrer ikkje fortida til, den skal førast vidare av, og
til, alle som ser verdi i dei vakre, tradisjonssterke melodiane. Med
denne innstillinga tar Camila Holm – saksofonist frå Breim i Nordfjord,
utdanna i Stavanger og Telemark,  og busett i Oslo – ny og gamal
folkemusikk frå Sogn og Fjordane, og tolkar dei med moderne instrument
og eigne preferansar.  Kombinasjonen lét moderne og samstundes utruleg
vakkert.  


Med seg har Hole fått Fredrik Luhr Dietrichson frå mellom anna Moskus
og Skadedyr, samt Knut Kvifte Nesheim frå BenReddik og Fri-Ensemblet.
Saman finn dei essensen i musikk som har blitt vidareførd gjennom
generasjonar og tilfører det noko eige og ekstra. 


Trioen kjem til Trivselshagen og held konsert i Dramasalen - fredag 6. desember