Oslo Gospel Choir

Friday, December 13, 2019 18:00

finishes about 19:30

Trivselshagen

Kultursalen

Omtale

Vi feirar 10 år og slår til med ønskerreprise når jula nærmar seg. Oslo Gospel Choir kjem tilbake!!! 


Sidan oppstartinga i 1988 har Oslo Gospel Choir vore
sjangerdefinerande i Norge. Og no har dei gjeve ut 25 konsertopptakt og
hatt over 1000 konsertar i inn- og utland. Med gospelmusikk, hymnar,
norske folkesongar og popmusikk har dei solgt over 1,5 millionar album
og vunne fleire prisar på si ferd. Koret var mestselgjande norske artist
på 90-talet. 


Norden sitt mest kjende gospelkor har samarbeidd med artistar som
Andraé Crouch, Sigvart Dagsland, Tommy Körberg, Anita Skorgan, Mia
Gundersen, Maria Haukaas Mittet og Sissel Kyrkjebø.

Gjennom to tiår har jula for mange vore knytt til lyden av denne
legendariske samansetninga av stemmer. Leitar du etter julestemning kan
du ikkje gå glipp av denne unike formidlinga av jula sine songar og
tekstar.