Rigmor Galtung: Syltynn, topptrent & dønn ærlig

Saturday, November 30, 2019 19:00

finishes about 20:30

Trivselshagen

Kultursalen

Omtale

Ein av våre mest folkekjære komikarar er endeleg tilbake med nytt solo show!

Rigmor Galtung fyller 50 aår i år og dette blir feira med ei humoristisk forestilling.

Når ein fyller 50 er det tid for ei oppsummering, - og spesielt i
forhold til dei kvinnene som har inspirert - og følgt ho gjennom 30 år,
frå første dag pa° Stand- Up scena til i dag  - der imitasjon er ein
del av kvardagen.  


Forestillinga, «Syltynn, topptrent....og dønn ærlig» handla om livsløgner, erkjenningar, glede og sorg.  


Det «bur» nemlig veldig mange inni hovudet hennar, der nokon er meir
framtredande enn andre. Gro Harlem Brundtland står i særstilling der,
og Wenche Myhre var den første som «flytta inn». Seinare har ein heil
haug med folk fulgt etter..... Alle disse menneska og figurane har
vore med på å prege kven Rigmor er. Det ho no har funne ut, er at alle
egentleg er delar og fragment av kven ho er sjølv.  


Først og fremst er likevel dette ei forestilling om å ha levd eit
halvt århundre,- ei 50 års feiring av det a° være menneske, pa° godt
og vondt......og at det ikkje nødvendigvis er så farlig å bli eldre! 


Bak scena har Rigmor fått med seg eit stjernelag av hjelparar. Blant
anna skribent Elisatbeth Botterli frå «Nytt på Nytt» pa° NRK1,  på
regi Pia Foorebally, film/redigering Mona Moe, musikk Jon Rørmark og
 Geir Lillejord på kostyme. Det er berre å gle seg! 


Velkomen inn i stova til Rigmor!  


Tilbakemeldinga etter premieren: 


-    "Får publikum til å bryte ut i latter allerede det første
minuttet på scenen" skriver Budstikka etter premieren på "Syltynn,
topptrent & dønn ærlig"

-    «Et flott og intelligent show. Fra humring til latterbrøl» Bærum Frivilligsentral

-    «Forrykende show med selvironi og ærlighet» Publikum

-    «Fantastisk forestilling » Publikum