Verda og vi: Kjell Magne Bondevik

2D

Thursday, October 31, 2019 20:00

finishes about 21:30

Trivselshagen

Kultursalen

Omtale

«Er verdenssituasjonen i ulage?»

Kjell Magne Bondevik har lang fartstid i norsk politikk. No kjem han
til Sandane og Triveslehagen for å halde foredrag i serien Verda og vi. 


Han møtte på Stortinget for  Kristeleg Folkeparti første gong som
vararepresentant i 1969, var fast innvald for Møre og Romsdal, 1973 til
2005, og var partileiar frå 1983 til 1995. Han var statsminister i to
periodar, 1997–2000 og 2001–2005, og har vore både utanriksminister og
kyrkje- og undervisningsminister. 


Bondevik tok initiativ til å opprette Oslosenteret som vart offisielt
opna i 2006. Han er no leiar for dette senteret og vidarefører her
arbeidet med den særlege interessa han har for menneskerettar,
demokratiutvikling og interreligiøs og interkulturell dialog. Ei
hovudsatsing for senteret i tida framover vil vere å bidra til
konfliktførebygging og ansvarleg leiarskap i sårbare statar og skjøre
demokrati.