Aktuell informasjon om coronaviruset • Les mer her

Vestland, Vestland

2D

Tuesday, September 1, 2020 19:00

finishes about 20:00

Måløy Kino og Kultur

Samfunnshallen (Amfi

Omtale

I dette humoristiske teaterstykke «Vestland, Vestland» får publikum vite ein heil del om Sogn og Fjordane og Hordaland som dei sikkert alltid har lurt på, og ein heil del som dei ikkje visste at dei lurte på.

«Vestland, Vestland» 


Urpremière


I dette humoristiske teaterstykke «Vestland, Vestland» får publikum vite ein heil del om Sogn og Fjordane og Hordaland som dei sikkert alltid har lurt på, og ein heil del som dei ikkje visste at dei lurte på. 


 


Kva skjedde på Gulatinget?


Låg dei tyske keisarane med damene på S-laget?


Går det an å flørte i dalatrekk?


Er det trist når nabosvinet døyr?


Kva har skjedd og kor er vi på veg?


Kort sagt: Kven er vi?


 


Framsyninga er ei gåvepakke frå Teater Vestland og Det Vestnorske Teateret til alle innbyggarane i det nye fylket. Ei rekke påstandar, særpreg og historiske hendingar blir presenterte, gjenskapte, diskuterte og avklarte, slik at vi kan vandre vidare saman. 



På scena står Claus Sellevoll frå Alversund i Nordhordland og Sigrid Moldestad frå Breim i Nordfjord. Finn Tokvam har skrive teksten, inkludert ei rekke songar som er tonesette av Odd-Erik Lothe. Arvid Ones har regien. «Vestland, Vestland» er produsert av Teater Vestland og Det Vestnorske Teateret.


AV Finn Tokvam


REGI Arvid Ones                    


LYSDESIGN Krystian Myska


KOMPONIST Odd-Erik Lothe


 


MEDVERKANDE


Claus Sellevoll


Sigrid Moldestad