Telemarkfestivalen 2019: Mizgîn / Marja Mortensson

Saturday, August 10, 2019 14:00

finishes about 17:00

Gullbring Kulturanlegg og Bø kino

Villa Lunde

Omtale

Telemarkfestivalen + Villa Lunde = sant

Fjorårets utgåve av Telemarkfestivalen baud mellom anna på nytt og spennande samarbeid mellom festivalen og Villa Lunde. Det vart ein stor suksess og gav meirsmak. I år inviterast det til storslagen dobbeltkonsert med Mizgin og Marja Mortensson. 


Den kurdiske songarinna Mizgin syng og speler kurdisk folkemusikk med inspirasjon frå den kurdiske og tyrkiske songboka, dyp sufi-musikk, dylanesiske rockedikt og gamle nordiske songar. Mizgin og musikken hennar har fått stor merksemd ho har mange fans over heilda verda. Mizgin er for tida busett i Danmark. Her har ho blitt nominert til fleire danske Grammy-prisar. – Ho er ei stor stjerne som har spelt på alle dei store internasjonale festivalene, og me er svært stolte over å at Mizgin og bandet hennar no kjem til Telemarkfestivalen og Villa Lunde, seier dei to arrangørane.


Telemarkfestivalen har heilt frå starten formidla og profilert samisk musikk i sitt musikalske program. Samisk folkemusikk har ein spesiell og viktig posisjon i folkemusikkarven i Noreg. Marja Helena Mortensson er ein ung sørsamisk joikar og songar som allereie har stor annerkjenning nasjonalt og internasjonalt. I 2017 lanserte Marja òg sitt anerkjende debutalbum «’Aarehgïjre' - Early Spring». Berre eit år seinare gav ho ut albumet «'Mojhtestasse' - Cultural Heirlooms». Plata vart nominert som det norske bidraget til Nordic Music Prize i 2019, og er også nominert til Spellemann-pris i klassa «Folkemusikk/Tradisjonsmusikk». Om ho vinn den får me vite no på laurdag. – Det hadde sjølvsagt vore stas med ein rykande fersk Spellemann-vinnar på festivalen, seier Mosfjeld.


Mizgin og Marja møtast til det som truleg vert ein fantastisk dobbeltkonsert i Villa Lunde, laurdag 10. august i samband med festivalen! – Me synast det er spennande å setje desse to flotte songarinnane i lag, seier arrangørane som er overtydd om at publikum vil få ei stor oppleving i Lunde denne ettermiddagen. – Me håpar sjølvsagt på fullt hus i år også, seier dei.