Telemarkfestivalen 2019: Laurdag

Saturday, August 10, 2019 19:00

finishes about 02:00

Gullbring Kulturanlegg og Bø kino

Gullbring

Omtale

Amund Maarud, Charlie Rackstead, Eivør, Suistamon Sähkö, med fleire!

Amund Maarud & Lucky Lips


Ein av landets fremste gitaristar, Amund Maarud, og bluegrass-bandet, Lucky Lips med Malin Pettersen i spissen, har funnen tonen i lag – bokstaveleg talt! Resultatet er eit herleg og fartsfylt møte mellom country, blues, roots og bluegrass som drivast fram av Maaruds eminente gitarspel. Lucky Lips er skreddersydd som backingband med briljante detaljar, groove og Malin Pettersen nydelege stemme som møter Maarud i nydelige harmonier og duettar.


Charlie Rackstead & the Sticklesberg Ramblers


Norges største musikalske skattar får nytt liv og perspektivm og i forbrødringas a°nd møter norsk pop- og rockhistorie den amerikanske folkemusikken i eit fyrverkeri av spilleglede og ektefølt kjærleik! Medan me venter på tredjealbumet «Even More Norwegian Classiscs» gledar me oss veldig å få oppleve Charlie Rackstead & The Sticklesbergen Ramblers på Telemarkfestivalen.



Eivør - trollbindande frå Færøyane


Eivør har ei stemme av sjeldan skjønnheit og kraft. Ho vart først kjend i Noreg gjennom sitt samarbeid med Vamp, men ho står no fjellstøtt på eigne bein - og i heile verda er det berre Eivør som let som Eivør. Ho har ein rik musikalsk palett som ho nyttar til å skape sin heilt eigen versjon av fortrylaende «folktronica» med hypnotisk vokal som varemerke. Eivør jobbar no med nytt materiale som skal følgje opp utgjevingane «Bridges» og «Slør» fra 2015. Eivør har blitt som ein Noregvenn å rekne med fleire glitrande konsertar. No kjem Færøyanes største stjerne endeleg til Bø og Telemarkfestivalen!



Suistamon Sähkö


Suistamon Sähkö frå Finland er eit band som ikkje er redd for å blande heilt vilt og låne hemningslaust frå sine inspirasjonskjelder. Med ein base av moderne elektronika og tradisjonell folkemusikk frå Karelen – blanda med eit trekkspel frå St.Petersburg, så vert dette ei spennande og dansande reise langt inn i den finske folkesjela.