Telemarkfestivalen 2019: Johanne Flottorp og Ingebjørg Lognvik Reinholdt

Sunday, August 11, 2019 13:00

finishes about 14:00

Gullbring Kulturanlegg og Bø kino

Bø gamle kyrkje

Omtale

Johanne Flottorp og Ingebjørg Lognvik Reinholdt

Johanne Flottorp


Johanne Flottorp frå Åmli gav hausten 2018 ut si første soloplate med slåttar frå heimtraktene og områda rundt. Spelestilen hennar er energisk og kraftfull, og ho jobbar med det råe og kvasse i uttrykket der det trengst, kombinert med det såre og vare der det høver betre. Johanne har utvikla ein personleg spelestil og ei eiga stemme i slåttespelet, og dette legg ho til grunn i alt ho gjer, samstundes som ho på best mogleg måte tek vare på det kjeldene og læremeistrane hennar har jobba fram i slåtteformene ho bruker.


Ingebjørg Lognvik Reinholdt


Ingebjørg Lognvik Reinholdt er ein kvedar frå Seljord i Telemark. Ho forelska seg tidlig i korleis folkemusikkens humoristiske, vakre og mørke skildringar fangar livet i all sin galskap.
Så medan andre ungar høyrde på Spice Girls og dansa til Michael Jackson, gjekk Ingebjørg opp til Ragnar Haugstøl og lærde seg gamle Seljordsvisur.