Telemarkfestivalen 2019: Fredag

Friday, August 9, 2019 18:00

finishes about 02:00

Gullbring Kulturanlegg og Bø kino

STORSALEN, BØ

Omtale

Väsen og Celtic Roots Ensemble, med fleire!

Väsen
Olov Johansson og Mikael Marin har spelt i lag sidan 1980, då dei framleis var to lovande tenåringar på veg opp hierarkiet innan nordisk folkemusikk. På vegen møtte dei Roger Tallroth under eit spelemannsstevne på Røros. Ein av Nordens mest kjente folkemusikktrioer var eit faktum.

Celtic Roots Ensemble
Det er ikkje kvar gong ein kan nytte uttrykket “superband” og kome unna med det, men med Celtic Roots Ensemble er det ei ganske nøyaktig skildring! Med musikarar som Knut Reiersrud, Aly Bain, Ale Möller, Tuva Syvertsen, Frasier Fifield, Eric Bibb og Olle Linder er det berre å feste sikkerheitsbeltet og gjere seg klar for ei musikalsk oppleving utanom det vanlege.